Sekretær

Eli Hansen Moen

6. kandidat Luster kommune | 33. kandidat Vestland fylke | Rektor | Skjolden | f. 1973

Eli Hansen Moen

Bli bedre kjent med Eli Hansen Moen:

Eli bur på Skjolden og er 46 år. Ho er gift med Tage og har to barn(ungdomar); gut på 18 og jente på 15 år. I tillegg har ho ein heiltsvart katt som er 10 år og heiter Even. Even heitte Miss Lilli heilttil dyrlegen slo fast at "ho" hadde meir utstyr enn det som er vanlegfor hokatte.Til dagleg er Eli tilsett som rektor og styrar ved Lusteroppvekstsenter. Ho er leiar av Luster Arbeidarparti og styremedlem iLuster Arbeidarlag. Eli er opprinneleg eidskoging frå skogane vedsvenskegrensa, og far hennar var i si tid leiar av både det lokaleArbeidarlaget og kommunepartiet for Arbeidarpartiet i tillegg til åsitje i kommunestyret. Ho kjem frå arbeidarfamiliar med besteforeldresom glasblåsar, omsorgsarbeidar og gruvearbeidar og foreldre som jobbai skule og barnehage. Ho har to eldre søstre som bur nærareheimstaden. Eli tykkjer Luster er ein av dei vakraste plassane somfinns, men sjølvsagt lengtar ho litt heim iblant. Særleg når foreldrablir eldre og treng tettare oppfølging.Eli er oppteken av at Luster skal ta godt vare på sine tilsette, og atalle skal ha like mulegheiter til å delta i aktivitetar på fritida,uavhengig av lommeboka. Ho er oppteken av infrastruktur, ikkje berrefor pendlarar og turistar, men også for at bedriftene skal hakonkurransedyktige vilkår. Når t.d. Avery Dennison NTP skal ha ut sinevarer, kan dei ikkje stå i tunnelkø eller bli hindra av smale vegar ogturistar som ikkje slepp dei fram. Luster har eit stort potensiale somturiststad, og me må la fjorden spele ein mye større rolle enn dengjer i dag. Samstundes må me vere sosialt, økonomisk og miljømessigberekraftige.Eli stiller til val for Vestland Arbeidarparti og Luster Arbeidarpartifordi ho trur ho kan gjere ein god jobb for innbyggarane. I nyeVestland er det viktig å ha folk med ulik bakgrunn som har forståingfor variasjonane i vår region, frå storby til grisgrendte strøk.Gjennom jobb og erfaring har ho god kunnskap om barns oppvekstvilkår,utdanning og arbeidsliv. I tillegg sit ho i Fjellstyret i Luster og iVillreinnemnda for Reinheimen-Breheimen. Eli har stilt til val sidan2007, men har aldri fått fast plass i Kommunestyret. Kanskje vil detlukkast denne gongen?